Jump to content

Draft:Digital Modenhet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Introduksjon

[edit]

For å kom i mål med prosesser og prosjekter knytta til digitalisering og digital transformasjon må man først forhalde seg til organisasjonens digitale modenhet. Kort forklart går konseptet ut på å kartlegge følgande: kor godt blir dagens digitale verktøy utnytta og korleis blir digitale prosesser kommunisert internt og eksternt? Dermed evaluere dagens digitale modenhet opp i mot strategiske steg for å oppnå organisasjonens framtidige mål. Det er mange parter som setter krav til at organisasjonar utviklar seg, for eksempel: krav satt av investorar, kundar og partnerar; juridiske krav; og press satt av organisasjonens konkurrentar. Men før man hopper inn i eit nytt digitalisering- eller transformasjonsprosjekt må leiarar kartlegge kvar på modenhets-skalaen organisasjonen står i dag for å ta informerte og strategiske val for framtida..[1]

Digital Modenhetsmodeller

[edit]

Digital Modenhetsmodellar (DMM) er eit verktøy som fleire av dei største utviklarne og konsulentbedriftene innan digitale løysningar viser til. Verktøyet er meint for å kartlegge organisasjonens status quo i hen hald til utnytting av dagens digitale ressursar i samanlikning med framtidige behov[2]. Det finnes varierande modeller frå forskjellige organisasjonar for å skape sine eigne unike produkt/verktøy, blant anna: Gartner INC[3]; Google/BCG[4]; Deloitte[5].

Deloitte eksempel[5] - digital modenhet ovanfor 5 business dimensjonar:

1) Kunden - Skape ein oppleving for kunden der bedrifta blir sett på som deira digitale partner

2) Strategi - Fokus på konkurransedyktighet gjennom digital innovasjon og at dette er tett knyttet til bedrifta si gjennomgåande strategiske mål

3) Teknologi - Digital strategi knytta til å skape, prosessere, lagre, sikre og dele data for å møte kundens mål til ein lav pris samt lave utgifter

4) Operasjon - Utføre og utvikle prosessane knytta til digital strategi for å oppnå effektive løysningar

5) Organisasjon og Kultur - Definere og utvikle organisasjonskulturen for å støtte utvikling parallelt med nivå av digital modenhet. Derav skape rom for å oppnå vekst og innovasjon

Til sjuande og sist er grunnlaget for verktøyet det same, å oppnå eit informert grunnlag for digitalisering og digital transformasjon. Dette for å unngå typiske fallgruver innan leiing av digital utvikling: Ned-prioritering av ressursar brukt på å kartlegge utnytting av interne digitale ressursar; Varierande digital forståing i leiargruppa; Over-optimisme knytta til noverande business-modell; Overmodige leiarar med for lite kunnskap som er driven av ovannemnd eksterne krav[1][6][7].

Digitalisering vs Digital Transformasjon - 5 Generasjonar av Digital Modenhet

[edit]

Forfattar samt Direktør og Grunnleggar av Digitaliseringsinstituttet DI2X, Pernille Kræmmergaard, viser i sin bok "Digital Transformasjon" til 5 generasjonar av Digital Modenhet ("Digitaliseringstrappa")[8]:

Gen. 1) IT som systemleverandør (digitalisering) - Digitalisering/automatisering med dagens verktøy og praksisar

Gen. 2) IT som infrastruktur (digitalisering) - Bruke digitale verktøy for å oppnå effektivisering gjennom å standardisere og forbetre interne prosesser

Gen. 3) IT som leverandør av verdi til heile bedrifta (digital transformasjon) - Digitalisering brukt for å lage produkta og tenester på nye måtar. Brukardreven open innovasjon.

Gen. 4) IT som teknologisk leiar (digital transformasjon) - Skape eit økosystem. Vekst av nettverk og partnarskap med tenester tilgjengeleg på ein samla plattform

Gen. 5) IT er integrert i heile organisasjonen (digital transformasjon) - Proaktive og Personlege tenester. Fokus på relevans, sikkerheit og brukarvennlegheit. Bruk av kunstig intelligens og andre moderne, robotiserte og virtuelle verktøy i utviklingsfasen.

Dette er ein kortfatta introduksjon til Kræmmergaards illustrasjon av den graderande kompleksiteten som krevjast for å nå høgaste grad av digital modenhet, samt vegen frå digitalisering til digital transformasjon. Du finner den største generasjonsvariasjonen mellom steg 2 og 3, der den digitale prosessen utfordra organisasjonens grunnleggande tankegang rundt måten den sjølv arbeider på og si rolle ovanfor sluttbrukar/kunde[9].

Pernille Kræmmergard viser i sin bok "Digital Modning"[1] til eit relevant sitat fra en dansk filosof, Søren Kierkegaard: "Hvis jeg skal lykkes i å lede et menneske mot et bestemt mål, må jeg først finne ut hvor det befinner seg, og begynne der. Den som ikke klarer dette, bedrar seg selv hvis man tror at han kan hjelpe andre.". Sitatet merker hun seg som eit godt grunnlag for å forstå kvifor det er viktig å reflektere rundt "modenhetsmodeller" eller "digitaliseringstrappa" for å legge eit strategisk fundament for videre vekst.

Råd og Tips - Tilgjengelege Kunnskapsplattformer

[edit]

Fleire offentlege organ i Noreg har tatt standpunkt for å assistere både offentlige og private organisasjoner i å utvikle digital modenhet på landsbasis.

Eit godt eksempel på det landsdekkande fokuset er arbeidet gjort av Digitaliserings Direktoratet og deira underavdeling, Digitaliseringsrådet. Dei tar konkrete grep for å rådgje norske organisasjoner for å både oppnå sine optimale digitale kompetansemål samt unngå kjente fallgruver. Eit verktøy som blir brukt er blant anna årlige digitale erfaringsrapporter og -seminar[10], som opplyser om trendar dei har sett i det norske organisasjonslandskapet den siste tida. Dette kan være råd som "meir trening gjev betre løysingar"[11] eller "Ledere: Nå må vi tenke som brukeren"[12]

Eit anna verktøy kjem frå Fosenprosjektet som har, blant andre tiltak, bygd ei eigen nettside[13] for å rådføre og inkludere organisasjoner med veiledning innan digital omstillingsprosesser. Nettsida har som mål å skape ei fullverdig oversikt over eit komplekst digitalt landskap. Her kan aktørar få assistanse med digitaliseringsstrategiar og handlingsplanar mot alt frå kravsspesifikasjonar/anskaffelsesprosesser til innføring av nye programvarar.

Begge eksempla er tiltak for å hjelpe leiarar i Noreg å reflektere over eigen digital modenhet og ta riktige strategiske val for framtida.

References

[edit]
  1. ^ a b c Kræmmergaard, Pernille (2024). Mind The Gap. Digital modning - ditt lederansvar (1 ed.). Oslo: Cappelen Damm.
  2. ^ "Unleashing the Power of Digital Marketing: The Digital Maturity Model Explained". www.seerinteractive.com. Retrieved 2024-09-15.
  3. ^ Gartner, Inc. "Use Gartner's Digital Business Maturity Model to Plan Your Digital Business Acceleration". www.gartner.com. Retrieved 2024-09-08. {{cite web}}: |first= has generic name (help)
  4. ^ "Your roadmap to digital marketing maturity". www.google.com. 2024-09-08. {{cite web}}: |first= has generic name (help); |first= missing |last= (help)
  5. ^ a b "Digital Maturity Model: Achieving digital maturity to drive growth" (PDF). www.deloitte.com. Retrieved 2024-09-08. {{cite web}}: |first= missing |last= (help)
  6. ^ "Significant need for a digital step-up in Norwegian Boards". www.capgemini.com. Retrieved 2024-09-08. {{cite web}}: |first= missing |last= (help)
  7. ^ Digitaliseringsrådet, Digitaliserings Direktoratet. "Modige leiarar veit ikkje alltid best". www.digdir.no.
  8. ^ Kræmmergaard, Pernille (2022). Digital Transformasjon (1 ed.). Oslo: Cappelen Damm.
  9. ^ Folde, Eirin. "Digital modenhet: Før dere vet hvor dere skal, må dere vite hvor dere står". www.komunett.no. Retrieved 2024-09-08.
  10. ^ Digitaliseringsrådet, Digitaliserings Direktoratet. "Digitaliseringsrådets erfaringsrapportar og erfaringsseminar". www.digdir.no. Retrieved 2024-09-08.
  11. ^ Digitaliseringsrådet, Digitaliserings Direktoratet. "Meir trening gir betre løysingar". www.digdir.no. Retrieved 2024-09-08.
  12. ^ Digitaliseringsrådet, Digitaliserings Direktoratet. "Digitaliseringsrådets erfaringsrapport 2020: Tenk som brukeren". www.digdir.no. Retrieved 2024-09-08.
  13. ^ Folde, Eirin. "Dette er Kommunett.no". www.komunett.no. Retrieved 2024-09-08.